Bilete frå tidlegare tider i rutebilnæringa.

Hans Eikeland med varerute

Ein av dei første i fylket som starta privat lastebiltransport i Sogn og Fjordane, var Hans Eikeland frå Viksdalen.

Frå 1913 hadde han ei lastebilrute frå Bygstad til Kirkelisundet ved Viksdalsvatnet. Varer som skulle vidare oppover, vart for det meste frakta med båten «Viksdølen» over Viksdalsvatnet.

 

Kjelde: nrk.no/sfj/leksikon

Jølster Kommunale Automobilselskap

Fjordenes Automobilselskap var dei første åra eit reint turbilselskap som berre frakta turistar i sommarsesongen.  Dette hadde den vanlege jølstring lita nytte av. Jølstringane hadde først og fremst trong for ein bil som kunne frakte varer til og frå dampskipskaia på Steinen i Førde. Det kommunale billaget vart eit kortvarig mellomspel. Dei to «innlandskommunane» Jølster og Gaular, som kvar for seg hadde stort behov for lastebilruter ned til fjorden, vart med i skipinga av Firda Billag i 1921.

Kjelde: nrk.no/sfj/leksikon

S-1904, Mercedes 911, 1967-modell. Klassisk Repstad-skulebuss, stasjonert i Viksdalen. Sjåfør Magnus Hestebeit.

S-1562, Internasjonal 1937-modell som gjekk i rute i Askvoll.

Mercedes 1952 modell S-2357. Brøyting av Rørvikfjellet. Sjåføren heiter Jon Frøysland, og han til høgre bak plogen er Agnar Rørvik. Personen nærmast, til venstre er Gustav Holsen.

Bilen i svingen er ein Buick 1946 modell, O-2978. Firda Billag kjøpte den litt brukt i Bergen. Den vart registrert på S-1915 23.06.1947. Den gjekk i drosjetrafikk og vart mykje brukt i doktor- og dyrlegeskyss i Førdee, Gaular og Jølster. Biletet er frå ein vinterdag i 1950 på Rørvikfjellet, 530 m.o.h. 

 

S- 2357 brøyter Rørvikfjellet, tøffe tak, mykje snø og dårleg sikt. Vinteren 1950. Volvo B10, TV 22533 er på veg gjennom Nyestølsskaret på 1970 talet. Det var rikeleg med snø her. Sjåfør Håkon Råheim.