Her ynskjer vi at det vert samla historier frå rutebilnæringa. Dersom  du er ein "gammal" sjåfør, som sit på historier som du kan tenkje deg å dele med andre, så ynskjer vi at du tek kontakt. Vi veit at det er mange gode kvardagshistorier der ute, som ikkje bør gå i gløymeboka.


Mange staute sjåførar samla

  

30 års høgtida i Firda Sjåførforening på Byrkjelo den 6. november 1955.  (Foto: Almenning)


 

Organisasjonslegenden Bjørn Nordberg har ledet hjørnesteinsbedriften Firda Billag IKS i en menneskealder.

Tekst & foto: Arne Danielsen  ( Kjelde transportforum)


Fjordenes Automobilselskap

Den første lastebilen til Fjordenes Automobilselskap i 1913.

Den første opptakten til eit billag vart teke i 1910. Då orienterte hotelleigar C.A. Ryg ved Hotel Gloppen fylkesmannen om at hotellfolket planla ei bilrute for turistar Vadheim-Sandane. I 1911 vart det endeleg gjeve løyve, og i 1912 rulla den første bilen mellom Sandane og Vadheim. Etter denne prøveturen, vart A/S Fjordenes Automobilselskap skipa, etter initiativ frå hotelleigarar i Nordfjord og Sunnfjord, og dette var forløparen til Firda Billag, som vart skipa i 1920.

(Foto © Fylkesarkivet / Kjelde nrk.no/sfj/leksikon)


Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L

I 1914 vart aksjeselskapet Nordfjord og Søndmøre Automobilselskap skipa. Hovudaksjonærane var kommunar i indre Nordfjord og på indre Sunnmøre. Men på same vis som i indre Sogn og langs strekninga Vadheim- Sandane, var det hotelleigarane som vart dei sterkaste pådrivarane for skiping av billaget i Nordfjord. Billaget starta i dei indre fjordstroka, men etter få år slutta også kommunane ytre strok seg til billaget.

Dette er to av dei første bilane til Nordfjord og Sunnmøre billag. Bilen til venstre er ein Opel kombinertbil. Bilen til høgre er ein sjuseters Adler. Biletet er teke 12. oktober 1915. Olav Osnes frå Nordfjordeid og Jenny Aarnes, Stryn, hadde nettopp gifta seg i Nedstryn kyrkje.

(Foto © Fylkesarkivet / Kjelde nrk.no/sfj/leksikon)


Rutebilane i Bremanger As

Selskapet har rutebilstasjon og bilverkstad på Hauge i Bremanger, dei  driv i dag med personrutekøyring, turkøyring, godstransport samt reparasjon på små og store køyretøy. Rutebilferdsla på Bremanger, og yrkesmessig biltrafikk i det heile, er meir enn dei fleste stader resultatet av innsatsen frå ein enkelt mann: Abraham Terdal. Han var fødd i Bremanger.

I 1938 kjøpte han heim ein lastebil , i 1939 kjøpte skaffa han seg drosje. Vegstrekninga der han kunne nytte desse bilane var snaut 10 km. lang. Men Abraham Terdal var optimist. Allereie i 1940 søkte han om rutekonsesjon. Det var tidleg på nyåret, så kom krigen. Men i 1948 var han igjen klar til å starte rutekøyring med ein 24 setars buss. Ein bil både Terdal sjølv og andre tykte var i største laget. Vegnettet var no omlag 30 km

      

                                Dagens Rutebilstasjon på Hauge                                                             To av selskapets tidligere bussar


Sogn Billag L/L

Sogn Billag L/L vart skipa 12. februar 1936 med Fylkesbaatane som største aksjonær. Sogn Billag tok over alle aktiva i Indre Sogns Automobillag - m.a. åtte personvogner og to lastebilar. Billaget har sidan skipinga hatt hovudkontor og serviceanlegg i Sogndal. Sidan skipinga har ei mengd lokale billag og rutebileigarar i kommunane frå Leikanger og Vik i vest og innover i Sogn gått inn i Sogn Billag.

Sogn Billag på Grøt i Sogndal ca. 1940. © Fylkesarkivet

(Kjelde /nrk.no/sfj/leksikon)


Rutebilane i Brekke

I 1947 fekk den nordre luten av Gulen kommune - den som fram til 1964 utgjorde Brekke kommune - sitt eige rutebilselskap. Det året starta Henrik O. Ynnesdal «Rutebilane i Brekke» og fekk konsesjon på bilrute Ynnesdal-Brekke. Han fekk også postkøyring, og spedde elles på med tilfeldig transport i bygdene.

Vegen over Dalefjellet mellom Brekke og Ynnesdal var vanskeleg å halde open om vinteren. Difor vart det i 1952 kjøpt inn ein beltebil for m.a. mjølketransporten. Den vart i 1956 bytt ut med ein firehjulsdriven brøytebil.

I 1960 kjøpte Rutebilane i Brekke sin første 30-seters buss, og ut over 1960-talet vart skuleruter ei viktig oppgåve.

Rutebilane i Brekke bygde stort garasjeanlegg med verkstad og bensinstasjon i 1970.

( Kjelde /nrk.no/sfj/leksikon)


 

Gol-Lærdal -Maristubilene Ltd

I 1924 skjedde ei storopprydding ved at selskapet Trygg, Lærdal Bilselskap og etterkvart Gol Automobilselskap vart slegne saman til Gol-Lærdal -Maristubilene. Også eit par lastebilselskap, Maristuen Lastebil (skipa 1920) og Schelderup Jansens lastebil (skipa 1923) gjekk inn i selskapet. 

A/S Beltebilene

A/S Beltebilene vart skipa i 1931 og dreiv passasjertrafikk vinterstid over det ubrøyta Hemsedalsfjellet til 1942. Dette selskapet gjekk etter ei tid også inn i Gol-Lærdal-Maristubilene som eksistere heilt til 1982, då det gjekk inn i Sogn Billag.

Dette bildet er tatt omkring 1930, da eigarane av Maristuen Hotel og Bjøberg Fjelstue kjøpte i fellesskap to Citroen-Kegresse P15N. Selskapet A/S Beltebilene hadde vinterrute over Hemsedalsfjell mellom 1931 og 1942. Turen tok ca. 9-10 timar

( Kjelde /nrk.no/sfj/leksikon)


L/L Vangens Rutebilar

L/L Vangens Rutebilar vart skipa i Aurland i 1928 med Vangen soknekommune som største aksjeeigar.

Per Wangen var første styreformann. Selskapet tok over den første bilen som var kjøpt inn til bygda, ein liten Ford lastebil, og bilen vart sett inn i rute på Aurland-Flåm. Forden vart bytt ut med ein Nash i 1931. 

Bilete er av ein snutebuss, Volvo S-3154, i Vassbygdi i Aurland år 1969.

Selskapet vart overteke av kommunen i 1933, og skifta namn til Aurland Kommunale Rutebilar.

I tillegg til lokal rutetrafikk i Aurland kommune dreiv selskapet bussruter til Voss og Hol, og til Lærdal i sommarhalvåret når fjellvegen var open. I 1991 vart Aurland kommunale Rutebilar slege saman med Sogn Billag L/L, og hadde då tilsaman 12 bussar, varevogner og lastebilar. I dag vert bussrutene i Aurland køyrde av Fjord 1 – Sogn Billag.

(Kjelde /nrk.no/sfj/leksikon)


A/S Årdal Billag

Buss og sjåførar utanfor verkstaden til Årdal Billag i Øvre Årdal , ca 1950. Foto tilhøyrer Årdal Sogelag.

A/S Årdal Billag vart skipa i 1934 med kommunen som hovudaksjonær. Billaget tok seg av trafikken lokalt i Årdal og rutene over fjellet mot Tyin og Valdres, og hadde også drosjer. Billaget dreiv også verkstad og bygde rutebilstasjon.

Bussar frå Årdal Billag utanfor Kilodden Messe, ca 1950. Foto tilhøyrer Årdal Sogelag.

I 1985 starta ekspressbussruta Valdresekspressen mellom Årdal og Oslo. Dette var ei av dei første ekspressbusrutene i landet.

Årdal Billag's, UC-11763 i korspondanse med MF Aurland. Foto tilhøyrer Årdal Sogelag.

I 1993 gjekk Sogn Billag inn som 66 prosents eigar av Årdal Billag samstundes som dei overtok all køyring som det lokale billaget dreiv. Sjåførane og bilmateriellet gjekk over til Sogn Billag.


Voss-Stalheim-Gudvangen Automobillag AS

Dette billaget veit vi lite om, så dersom nokon har informasjon er vi takksame for det.

Det se ut som at i 1935 var det L/L Vossestrand Automobillag som køyrde strelninga.

 Bergen-Hardanger-Voss Billag AS vart stifta i 1978, overtok dei konsesjonane til dei fleste småselskapa i Voss - Hardanger, deriblant Voss-Stalheim-Gudvangen A/s, som då vart oppløyst.

 

           VSG-bilane R-661 og R-1398 ved jernbanest. på Voss                               R-675 på veg ned frå Stalheim hotell          

      

                          Kven hugsar ikkje rullebilettane ?                                     Rutetabell frå sommaren 1935!                

Foto tilhøyrer Vossestrand Sogelag