Rutebilhistorisk Forening

Avd. Sogn og Fjordane

 


    

 Årsmelding for RHF avd. Sogn og Fjordane 2017

                                                                                                                                                                                               

    Styret har vore:                                                                         På val på årsmøte 2018

 

    Leiar                             Håkon Råheim                                     På val 

    Nestleiar                       Roald Herstad                                    Ikkje på val 

    Kasserar                       Per Lien                                              På val.

    Sekretær                      Bjarne Horsevik                                Ikkje på val.

    Styremedlem 1.           Bjørn Falck Russenes                       Ikkje på val.

    Styremedlem 2.           Arne Kjell Fimland                             På val

    Styremedlem 3.           Jonfinn Alme                                      På val.

    Varamann 1.                Vidar Lægreid                                    På val.

    Varamann 2.                Trygve Årdal                                      På val.

 

    Revisorar:                     Reidar Holsen og Leonard Birkeland

    Valnemnd:                    Arne Ødegård, Kurt Magne Neset og Endre Hellebust

 

    Medlemstalet var pr 31.12.2017  18 ein auke på 16 i 2017 ( 48 frå  Sogn )

 

    Årsmøtet vart halde på Skei Servicenter den 11.03.2017 der 25 medlemar møtte.

    Det var halde 2 styremøte i 2017. 11.02.17 og 21.10.17 og behandla  18 saker.

    Etter årsmøtet orienterte Petter Skåre om foreninga i Stryn og Håkon Råheim orienterte om turar, løyvefritak for 5 veteranbussar, og diverse andre ting.

    Indre Sogn Veteranbusslag hadde årsmøte i Sogndal ( Sogn Billag ) 27.02.17 og der møtte 18 medlemar.  Trygve Årdal og Håkon Råheim møtte frå RHF.

    Etter årsmøtet var det servering av kaffi og litt godt. Etter serveringa vart det halde medlemsmøte.

 

    Økonomi.

    Rekneskapen viser eit underskot på kr 6.855,-. Vedlikehaldet  på S-7038, S-359,  S-7097

    TV11916 var på kr 8023,-  på TV 37939 kr 46.681,- TV 65595,- kr 54249,-( Skifting av pungterte glasruter.)   S-3020 kr 77.317,-  S-3136 kr 32,802,-.

    Vi hadde ei inntekt på kr  157.180 for køyring og sponsing. Revidert rekneskap vil bli lagt fram på årsmøtet.

    Veteranbusstreff på Voss 25. til 28. mai.

    Vi møtte med TV 11916, S-7038,  S-7097,  S-3020,  S- 3136 og 12 personar frå Sunnfjord + Sogn ?.

    Diverse andre aktivitetar.

    Vi deltok som parkeringsvakter på landskyttarstemnet både i Kråkenesmarka og på Kronborg.

    Og vi var 10 av medlemane i RHF som stilte opp som frivillige og  deltok i fleire dagar.

    Styret vil rette ei stor takk til alle som deltok i denne jobben.

    Vi deltok på Sandanedagane med S-7097 slik vi har gjort  kvart år etter at den var ferdig.

    Vi deltok og på Sandendagane i Naustdal med S-7097.

    Trygve Årdal deltok og på Skjærgårdstreffet i Askvoll med S-7038 og fekk deltakarpris der.

    Vi var og innleigde for å vere med på jubileumstur på fjellvegen frå Aurland til Lærdal.

    Og vi var med på Trøkken Trøk her i Førde 11. til 14. august.

    Frode Vangsnes leigde TV 11916 på ein 3 dagars tur til Voss med  Florø sanitetsforening 

    Vi har og  hatt diverse småkøyring her i Førde, blant anna ein dag der Trygve Årdal deltok med S-7097 i innspelinga av Førdefilmen,

    og dette har hjelpt oss med økonomien.

    Vi har og hatt ein medlemstur på 5 dagar til Stavanger - Lysefjorden – Setesdalen – Rjukan – Geilo - Hardangervidda - Voss og heim.

    Etter den våte sumaren vi hadde så var turen  100% vellukka værmessig i alle fall, for vi hadde ikkje igang vindusviskarane på heile turen.

   Vinterlagring.

    I år står TV 11916,  S -7097 og  S-7038 i Bygstad på gamle sagbruket under halltak og der betalar vi kr 6000,- for 2  år. 

    S-359  står i min garasje på Rørvikflåten.

 

  Vedlikehald.

    Dette året har vi arbeidd med TV 37939 så vi er ferdig med lys, bremser, styring , alle glas og lakkering rundt alle glas rundt bussen.

    Vi har bremsa litt på grunn av økonomien.

    Vi har og skifta nokre pungterte glasruter på TV65595 og dei er dyre.

 

    Grasrotandel.

    RHF er med i grasrotsystemet til Norsk Tipping så dersom de spelar litt kan de registrere korta dykkar på RHF avdeling Sogn og Fjordane,

    så går litt frå staten automatisk inn på vår konto, for vi er registrert i Brønnøysundregisteret. Mange bekker små blir ei stor å.

 

    Heimesida vår.

     Dersom de går inn på RHF.no og så på lokalavdelingar så finn de litt om oss der og.

 

    Sponsorar 2017.

    Vi har i år og fått mange gode sponsorar  vi er svært takksame for.

    Firda Bilag AS, dieselkort kr 10.000,- Firda Billag Buss, (lån av ferjekort) Førde Sementvarefabrikk AS, Trucknor Firda AS, Trycknor Førde AS,

    Førde kommune, Gloppen kommune,  Sunnfjord Betong AS. NHO Transport Sogn og Fjordane, Magne Hafstad AS, Steinvik Fiskefarm AS, Biltreff Førde AS,

    Firdaklubben Førde, Soft Sogn og Fjordane, Berge og Co AS, Frydenbø AS, Farsund og Naustheller AS, (diesel) Best stasjonen Førde AS, (diesel)

    Toyota Førde AS, Førde Vulk AS (dekk og gratis vask av bussane våre i maskin).

    Skei Servicenter med gratis hus og mat til årsmøtet. Styret vi rette ei stor takk til alle.

 

    Til slutt vil styret takke desse  : Gunnvar Smådal, Jostein Yndesdal,

    Ivar Møgster, Arne Ødegård, Trygve Årdal, Audun Hovland. for mange timar med godt utført arbeid i «RUSTHOLET».

    Flaskepanting frå vaskehallen: Jon Frøysland.  

    Bladpakking:  Else Hovland, Arne Kirkeli, Kari Yndestad, Trygve Årdal, Jon Frøysland, Arne Ødegård, Fritjof Madsen,

    Bjarne Lammetun, Solveig Råheim.

    TIL SLUTT EI VIKTIG MELDING.

    Dersom de har fått ny postadresse ( namn på veg og husnr.) må de vere bra å melde frå snarast for dersom ikkje den er rett. Kjem blada i retur,

    kosta det mykje pengar.

    Håpar at alle som har e-post-adresse vil sende den til Håkon, haa-raa@online.no , den er grei for oss og ha!               

                Ha eit godt år alle saman!

For styret

Håkon Råheim

 

 

    Rutebilhistoriske  Forening Hafstadvegen, 37. 6800 Førde                 Organisjo  NR 991 059 539            

    Leiar. Håkon Råheim, Hafstadvegen 37, 6800 Førde.  Tel: 90518140.    E-post haa-raa@online.no

 


 

Referat frå årsmøte til Rutebilhistorisk Forening, avd. Sogn og Fjordane, på Skei, 24.02.18.

 

Sak 1 - Opning.

 Håkon Råheim ynskte velkommen. 27 var frammøtte.

Sak 2 - Godkjenning av innkallinga.

Innkallinga vart godkjent, med ein liten bemerkning om at det stod 2017 på innkallinga.

Sak 3 - Val av møteleiar.

Håkon Råheim vart valgt.

Sak 4 - Val av 2 til å skrive under møteprotokollen og referent.

Reidar Holsen og Roald Herstad valgt til å skrive under møteprotokollen.  Bjarne Horsevik vart valgt til referent.

Sak 5 – Årsmelding.

Årsmeldinga vart gått gjennom punkt for punkt med følgende kommentarar:

S-3020 skifta cluts, gearolje, lager og bakrute.  S-3136 diesellekasje + div. andre ting.  

Kommentar til Trøkken og Trøkk:  burde vore « i Førde» og ikkje « her i Førde»

Bjørn Falck Russenes bemerka at ein vesentleg ting var utegløymt i årsmeldinga;  Håkon vart tildelt æresmedlemskap på Voss på Veteranbusstreffet i 2017.

Sak 6 - Rekneskap 2017.

Rekneskapen vart framlagt av Per Lien.  Rekneskapen viser eit underskot på kr. 6.855 for 2017 mot kr. 11.393 ( underskot ) for 2016.

Utgiftene til vedlikehold og restaurering av bilparken var kr. 219.072, ein auke på over kr. 90.000 samanlikna med 2016.

Laget har samstundes ein inntektsauke på ca. kr. 100.000 samanlikna med forrige år.  Auken kjem frå flaskepant og køyring + overskot på turar.

Russenes sa at RFSF har god økonomi, den beste i landet.

Det vart diskutert ein del om forsikringar.  Blir teke opp til ny vurdering hausten 2018.

Rekneskapen for Indre Sogn Veteranbusslag, som er eit delrekneskap av RFSF, vart framlagt av Per Lien og den viser eit underskuot for 2017 på kr. 70.720,

mot eit overskuot på kr. 13.489 for 2016.

Dei har fått dieselkort til begge bussane i Sogn frå Nettbuss, men ikkje noko fast beløp.  Frå Luster kommune har dei fått gratis garasjeplass på Hafslo.

Sak 7 - Budsjett 2018.

Godkjent.

Sak 8 – Innkomne saker.

Ingen innkomne saker.

Sak 9 – Val av styre og revisor.

Styret som er valgt for 2018:  

Leiar – Håkon Råheim  gjenvalg 1 år.

Nestleiar – Roald Herstad  ikkje på valg.

Kasserer – Per Lien gjenvalg 2 år.

Sekretær – Bjarne Horsevik  ikkje på valg.

Styremedlem 1 – Bjørn Falck Russenes  ikkje på valg.

Styremedlem 2 – Arne Kjell Fimland  gjenvalg 2 år.

Styremedlem 3 – Jonfinn Alme  gjenvalg 2 år.

Varamann 1 – Vidar Lægreid  gjenvalg 1 år.

Varamann 2 – Trygve Årdal  gjenvalg 1 år.

Revisor – Reidar Holsen og Leonard Birkeland  gjenvalg 1 år.

Sak 10 – Valnemd 2019.

Kurt Magne Neset, Endre Hellebust, Audun Hovland.

Kurt Magne Neset kallar saman nemnda.

 

Bjarne Horsevik       sekretær

 

Reidar Holsen                                                Roald Herstad

 

 

 


 

 

                ÅRSMØTE 2017

                    REFERAT

              RHF_medlemene i Sogn og Fjordane var innkalla til årsmøte på Skei 11.03.17, 25 medlemer møtte fram til møtet som vart halde på Skei Servicenter.

  1. Opning

    Leiar Håkon Råheim opna årsmøtet og ynskte RHF-medlemer frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn velkomne til Skei.

    2 RHF-medlemer har gått bort i 2016, Kåre Hovland og Hans Haugen frå Dale, og årsmøtet mintest desse med eitt minutt stillheit.

     

  2. Godkjenning av innkallinga

    Det var ingen merknader her, så denne vart samrøystes godkjend.

     

  3. Val av møteleiar og sekretær

    Håkon Råheim vart valt til møteleiar og Vidar Lægreid til sekretær.

     

  4. Val av 2 til å skriva under møteprotokollen

    Audun Hovland og Ove Digernes vart valde.

     

  5. Årsmelding for 2016

    Ei fyldig årsmelding, som vitnar om stor aktivitet i avdelinga, var i førevegen utsend til medlemene.

    Møteleiar gjekk gjennom årsmeldinga punkt for punkt og kom med utfyllande kommentarar.

    Det var få merknader til årsmeldinga. Under punktet Kjøp av bussar, kommenterte Olav Grinde, leiar i det nyskipa Indre Sogn Veteranbusslag (ISVB),

    at RHF avd. S/Fj./ISVB måtte ikkje overta to veteranbussar frå Nettbuss, men fekk tilbod om å kjøpa dei for ein symbolsk pris.

    Dei godkjende vedtektene til Indre Sogn Veteranbusslag var vedlagt årsmeldinga.

    Det vart elles nemnt at avdelinga si heimeside no skal vera oppdatert.

    Årsmeldinga vart deretter samrøystes godkjend.

     

  6. Rekneskap for 2016

    Kasserar Per Lien gjekk gjennom rekneskapen, som også var utsend til medlemene i førevegen.

    Under gjennomgangen kommenterte kasseraren nokre av postane.

    Spesielt gledeleg var det at avdelingen fekk eit tilskot på kr 2000,- for størst medlemsauke av alle lokalforeningane.

    Elles viser rekneskapen at det vart det kjøpt 4 bussar som avdelinga no er eigar av.

    Rekneskapen, som også vitnar om stor aktivitet, viser driftsinntekter på

    kr 164.887 og driftskostnader på kr 180.105 og kom såleis ut med eit underskot på kr 15.218.

    Likevel går det fram av rekneskapen at avdelinga har ein svært solid økonomi med ein eigenkapital på kr 532.483.

    Det var ingen merknader til rekneskapen som også vart samrøystes godkjend.

     

  7. Budsjett for 2017

    Kasserar Per Lien la også fram eit budsjettforslag som viser driftsinntekter og driftskostnader på omlag 115.000,

    men han kommenterte at nokre av summane her er usikre.

    Det kom ingen endingsforslag, så årmøtet godkjende eit budsjett for 2017 med eit lite overskot.

  8. Innkomne saker

    Det var ingen innkomne saker.

     

  9. Val

       Arne Ødegård la fram forslaget frå valnemnda, som i tillegg bestod av Kurt Magne Neset og Endre Hellebust.

              Forslaget vart vedteke med akklamasjon og desse vart valde:

                            Leiar Håkon Råheim Attval for 1 år

                            Nestleiar Roald Herstad Attval for 2 år

                                  Kasserar Per Lien Ikkje på val

                            Sekretær Bjarne Horsevik Attval for 2 år

                            Styremedlem 1 Bjørn Falck Russenes Attval for 2 år

                            Styremedlem 2 Arne Kjell Fimland Ikkje på val

                                  Styremedlem 3 Jonfinn Alme Ikkje på val

                            Varamann 1 Vidar Lægreid Attval for 1 år

                            Varamann 2 Trygve Årdal Attval for 1 år

                            Revisorar Reidar Holsen Attval for 1 år

                            Leonard Birkeland Attval for 1 år

              


                            Valnemnda, Arne Ødegård – Kurt Magne Neset – Endre Hellebust,

                            vart alle attvalde for 1 år.

 

                    I samband med årsmøtet vart det orientert om desse sakene:

            * Turar i 2017 arrangert av RHF avd. S/Fj

        - Tur til Stavanger

        - Tur til Nordisk Veteranbusstreff i Sverige

                    * Garasjebygg for bussane

                     - Det vert arbeidd med å skaffa høveleg tomt på Moskog

                    * Løyvefritak for veteranbussane

                     - Skriv frå Samferdsledepartementet, gjeldande for 5 bussar

                    * Stryn Motorhistoriske Foreining

                         - Petter Skåre orienterte om ein aktiv forening med mange prosjekt på gang.

            Årsmøtet vart avslutta med matservering på Skei Servicenter/Essostasjonen,

            der eigar, Ola Fugle, spanderte gratis middag på årsmøtedeltakarane.

          


Rutebilhistorisk Forening avd. Sogn og Fjordane

Årsmelding for 2016.

Styret i 2016 har vore: På val 2017

Leiar Håkon Råheim På val 1 år

Nestleiar Roald Herstad På val 2 år

Kasserar Per Lien Ikkje på val

Sekretær Bjarne Horsevik På val 2 år

Styremedlem 1 Bjørn Falck Russenes På val 2 år

Styremedlem 2 Arne Kjell Fimland Ikkje på val

Styremedlem 3 Jonfinn Alme Ikkje på val

1. Varamann Vidar Lægreid På val 1 år

2. Varamann Trygve Årdal På val 1 år

                    Revisorar: Reidar Holsen På val 1 år

                    Leonard Birkeland På val 1 år


Valnemnd: Arne Ødegård På val 1 år

Kurt Magnar Neset På val 1 år

Endre Hellebust På val 1 år

Medlemstalet var pr 31.12.16 174. I 2016 har vi fått 26 nye medlemer. 


Sogn 41, Nordfjord 15, Sunnfjord 106, Andre 12.

Årsmøtet vart halde på Skei Servicenter 13. februar 2016 kl 1300. 23 medlemar møtte.

Etter årsmøte 13. februar har det vore halde 2 styremøte behandla 10 saker og leiaren har sendt

ut fleire e-postar med orienteringar til styret i 2016.

Den 17. mars vart det halde skipingsmøte for Indre Sogn Veteran Køyretøy (ISVK)

i Sogndal der det møtte 24 medlemar frå RHF. I Sogn hadde Vidar Lægreid og Olav Grinde

med fleire utarbeid lover og vedtekter for ISVK som vart drøfta og som seinare vart

godkjende på styremøte 15. oktober, og det vart og val på styre for ISVK.

Sjå og vedlegg til årsmeldinga.

Kjøp av bussar.

På styremøte 1. mai vart det vedteke å kjøpe 2 bussar

Ein Interclassic Scania 2001 modell (TV 65595). Dette for å sikre at det er igjen ein buss

frå FB sin originalfarge frå den tid. Vi kjøpte og ein tidlegare FB buss

Volvo FB 58/65, 79 modell (TV37939. Dette var ein buss som gjekk i rute Førde - Gol

då den var ny og så gjekk den mange år Førde - Skei .

Vi kjøpte den av ei gruppe som heitte Mannaxpressen , den var delvis ombygd til kombibuss

og vi rekna med 3 års arbeid før den er ferdig.

Vi måtte og overta S-3020 og S-3136 frå Nettbuss for å berge dei frå å bli selde eller hogde,

for Nettbus har vedteke å kvitte seg med alle veteranbussar.

Fordelen med dette er at no har vi bussar med originale fargar frå Lærdal, Aurland, Sogndal,

FB i Sunnfjord og Nordfjord (Nordfjord og Sunnmøre Billag)

Økonomi.

Rekneskapen er pr dato ikkje ferdig, men de skal få den tilsendt så snart det er ferdig.

Landsmøte / veteranbusstreff.

Landsmøtet i 2016 vart halde i Sarpsborg 13. til 16. mai.

Vi deltok med berre ein buss ( S-7097) og 8 medlemar.

Firda Billag deltok med S-7013. Dette på grunn av den lange vegen.

Arrangement.

Vi deltok på Sandanedagane med S-7097 og der var mange glopparar som ville sjå

igjen Ryggbussen.

Arne Ødegård køyrde TV11916 på ein 2 dagars tur til Måløy med Bygstad Brass,

Trygve Årdal køyrde ein dag i Fjærland i forbindelse med Bokbyen.

Vi har og hatt brudlaupskøyring til Operagarden i Bygstad og vi deltok med

S-7097 og TV11916 på oppninga av E 39 på Sande.

26. juli reiste vi 25 stk til Nordkalott treff i Harstad med den nyinnkjøpte bussen vår.

Fyrste dag gjekk til Steinkjer, dag 2 til Bodø, dag 3 med ferge over Vestfjorden 3,5 time

og til Moskenes, vidare til Å i Lofoten og Svolvær,

dag 4 Svolvær, Fiskebøl, Melbu, Flesnes, Refsnes, Harstad. Dag 5 i Harstad.

Dag 6 til Fauske, dag 7 Mosjøen og dag 8 til Dombås og dag 9 heim.

Det var ein fin tur med nesten berre fint vær.

Turen vart og billeg for Torghatten sponsa ferjene og Firda Billag helt dieselkort.

Vedlikehald

Etter nyttår 2016 arbeidde vi med å få S-7097 ferdig til Landsmøte i Sarpsborg,

og på våren skifta vi radiator på

S-359 så no er den i orden. Ei gruppe i Gaupne vurderar å kjøpe den, men ingen ting er bestemt.

I haust har vi byrja med TV37939 så smått og kjem til å arbeide med den no i vinter.

Vinterlagring.

I vinter står 3 bussar i Haukedalen og S-359 står i garasje på Rørvikflåten og 2 på

Sæle sag i Bygstad, TV 37939 står i hallen vår i Førde.

Turar.

RHF har i 2016 arrangert tur i lag med Postpensjonistane og Travelnet Fjordane Reisebyrå, blomstringstur til Holland og vi var 42 personar.

Grasrotandel.

RHF er med i grasrotsystemet til Norsk Tipping, så dersom de spelar, kan de registrere kortet dykkar

på RHF avd. Sogn og Fjordane så går det automatisk inn på kontoen.

Heimesida.

Heimesida vår er no oppe og går og der vil de finne litt om turar som vi skal ha i 2017.

De kan og gå inn på gjestesida og skrive dykkar meining om RHF generelt og om avd. Sogn og Fjordane.

Sponsorar i 2016 har vore:

Firda Billag AS, Travelnet Fjordane Reisebyrå, Trycknor Firda AS, Trycknor Førde AS,

Førde kommune, Gloppen kommune, Sunnfjord Betong AS, Hellenes AS, Biltreff Førde AS,

Førde Sementvare AS, Sunnfjord Betong AS, NHO Transport Sogn og Fj. Magne Hafstad AS,

Entreprenørservise AS, Bildeler Førde AS, Glassmester John Holvik AS. Sogn og Fjordane

Transportarbeidarforbund. Steinvik Fiskefarm AS, Berge & CO A/S, Farsund & Nausthellar AS,

Skei Servisesenter

Vigtig melding til alle medlemane RHF avd, Sogn og Fjordane.

Alle som har E-post kan de vere bra å sende e-postadressa til oss og mobiltelefonnr,

kan vi sende årsmelding og melding om turar som vi kjem til å lage til dykk

og vi sparar masse pengar på porto!

E-post til oss er : haa-raa@online.no

HAR DE FÅTT NY POSTADRESSE SÅ ER DET OG VIKTIG Å MELDE FRÅ OM !

Møgster har i år og teke EU-kontrollane og Myklebust servicen på bussane våre.

Jon Frøysland er i Førde ein dag kvar veke og samlar tomflasker i vaskehallen og pantar dei.

Gunnvard Smådal, Jostein Ynnesdal, Arne Ødegård, Trygve Årdal, Audun Hovland og

Håkon Råheim har i år som før lagt ned mange arbeidstimar i RUSTHOLET.

Styret vil rette ei stor takk til desse.

Vil vil og rette stor takk til dei som pakkar RUTEBIL 5 gongar for året: Kari Yndestad,

Else Hovland, Trygve Årdal, Arne Kirkeli, Fritjof Madsen,

Jon Frøysland, Arne Ødegård og Bjarne Lammetun

For styret Håkon Råheim