Sumartur til Kristiansand  25. til 29. juni 2018.

 

Dag 1

Avreise frå Førde kl 0830 til Voss og her vert det stopp for lunsj.

Vidare går turen til Odda – Røldal og til Sand i Ryfylke der vi skal overnatte på

Ryfylke Hotel. Ca 450 km. I dag.

Dag 2

I dag køyrer vi til Nesvik og tek ferje til Hjelmeland, og vidare til Oanes og ferje til Lauvik.

No køyrer vi ned på Jæren og fylgjer gamle riksveg 44 langs kysten forbi Brusand – Sirevåg - Egersund – Ona Sira – og til Flekkefjord der skal vi bu på

Maritim Fjordhotel.  Ca 280 km I dag.

Dag 3

Frå Flekkefjord køyrer vi til Feda og ned til Lista Fyr og der frå til Farsund – Lyngdal og til Lindesnes fyr.

Vidare til Mandal og Kristiansand og her skal vi bu midt i sentrum på Ernst Hotel. Ca 200 km i dag

I Kristiansand skal vi ha lokal guide i ca 2 timar.

Dag 4

I dag køyrer vi opp gjennom Telemark til Skien – Kongsberg - Lampeland og overnattar  på

Lampeland Hotel. Ca 290 km i dag

Dag 5

Frå Lampeland køyrer i opp til Sigdal – Bromma – Gol og heim igjen. 374 km i dag.

 

Påmelding seinast 1.  mai til  Håkon Råheim

 tel: 90518140  e-post: haa-raa@online.no

( 27 påmelde til no.)

Pris på turen per person  kr 5.000,- i doble rom og kr 6.500,- i enkle rom.               

Med i prisen er buss, ferjer, bompenger og middag og frukost ( ikkje lunsj )

 På denne turen har eg  lagt opp til at vi skal køyre på mange småvegar og innom småstader som mange ikkje har vore på før.

  

         Bussen vår som vi skal bruke på turen