RHF.S Fj      

Til våre medlemmer:

 Først vil eg sende ei takk til alle dykk, som har sendt inn e-post adr.  Til den som har e-post og ikkje har sendt meg den,

kan de vere bra å gjere det til:  rhf.sfj@enivest.net.  De som ikkje har e-post, vil få det i posten.

 JUBILE:

RHF avd S og Fj er 30 år i år.  Feiringa blir 12. september og vi held på og lage program for dagen. 

Håpar at mange stiller og er med på feiringa.  Programmet blir lagt ut på heimesida vår eller de kan ta kontakt med meg.

 TURAR:

Vi held på å planlegge ein tur til sommaren, kor og når kjem vi attende til seinare. 

 Det vil bli lagt ut på heimesida vår eller de kan ta kontakt med meg.

Så er det Rutebil Historisk forenings veteranbusstreff og landsmøte på Oppdal i pinshelga 29.05.-01.06.2020.   

Vil du vere med på turen, ta kontakt med meg, tlf 412 29 762.  Vi køyrer med veteranbussar frå Førde og Sogn.

Så vil eg ynskje alle ein god vår og sommar.!

 Helsing Bjarne Horsevik  ( formann )


 

                       Rutebilhistorisk Forening   Avdeling Sogn og Fjordane

                 Årsmøte på Skei laurdag 14.03.2020  Kl 13.00 på Servicesenter Skei    

                  De vert med dette innkalla til årsmøte i RHF avd. Sogn og Fjordane      

                     Vi måtte diverre avlyse årsmøte på Skei på laurdag p.g.a. corona viruset.Ny dato kjem vi attende til.

        

 Sakliste                                                                                                                    

1.    Opning.

2.      Val av møteleiar, sekretær og to til å skrive under møteprotokollen.

3.      Godkjenning av innkalling.

4.      Årsmelding for 2019

5.       Rekneskap for 2019

6.       Budsjett for 2020

7.       Innkomne saker

8.      Val av styre og revisorar for 2020

9.       Val av valnemnd for 2021

 

                  Saker de vil ta opp på årsmøtet må vere komne til styret  innan 28.02.20.

                   Etter årsmøte vert det orientering om 30-års jubileet til RHF/SFJ i 2020, som skal freirast 12. september.

                  Det vert og orientering om landstreffet i Førde i 2021.

                  Ola Ragnsæter frå RHF hovedstyret, blir med på årsmøtet.

                 Det vert servert ein varmrett etter møtet.

                Buss frå FB kl 12.00 og buss frå Sogndal kl. 12.00

 

                            For styret

                       Bjarne Horsevik

          -         Leiar   -

 

 


                                                  Årsmelding for 2019

 

                                 Styret i 2019 var slik samansett:

                                       

                            Leiar:                                Bjarne Horsevik                    på val

                            Nestleiar:                         Roald Herstad                        ikkje på val

                            Kasserer:                          Per Lien                                  på val

                            Sekretær:                         Vidar Lægreid                        ikkje på val

                           Styremedlem:                   Bjørn Falck Russenes            ikkje på val

                          Styremedlem:                    Arne Kjell Fimland                 på val

                         Styremedlem:                     Jonfinn Alme                           på val

                         Vara:                                   Håkon Råheim                        på val

                        Vara:                                    Trygve Årdal                            på val

                         Revisorar:                            Reidar Holsen                        på val                                 

                         Revisorar:                            Leonard Birkeland                 på val

                        Valnemnd:                            Endre Hellebust (leiar), 

                                                                      Kurt Magne Neset                            

                                                                      Audun Hovland

Møte/medlemstal m.m.

Vi har i 2019 hatt 4 styremøter og behandla 32 saker.  Der har vi behandla saker som: lagerplass for bussane, tomt for å sette opp ein hall, kor mange bussar vi skulle ha med oss til landstreffet på Hønefoss, salg av S-359, men det vart vedteke at vi skal behalde den.  På busstreffet på Hønefoss, vart vi forespurde om vi kunne arrangere det i 2021.  På styremøte 21.09.19., vart vi i styret einige om at vi skulle søke.  Vi har behandla sak om å overta cadilacen for Gol-Lærdal-Maristuen bilane.  Saker som og har vore oppe, er at RHF/SFJ i år er 30 år og korleis vi skal feire det.

Landstreffet på Oppdal i 2020 har og vore diskutert.

Det har vore eit godt samarbeid om saker som har vore til behandling i styret.  Medlemstalet ved utgangen av 2019 er 172.  Årsmøtet for 2018, vart halde på Skei Servicesenter og der møtte 23 medlemmer.  Leiar og nestleiar har vore på årsmøte i Indre Sogn Veteranbusslag og i Stryn Motorhistoriske.

 Veteranbusstreffet og landsmøte på Hønefoss, pinsa 2019:

Vi hadde med oss TV-11916, Tv- 37939 frå Førde og frå Sogn S-3020 og S-3136.  Det var med 16 personar til treffet frå Førde og 18 frå Indre Sogn.

Tide stilte med ein buss, slik at medlemmer frå ISVB, fekk ein dagstur til Hønefoss.

 Arrangement som vi har vore med på i 2019:

Opninga av klubbhuset til Sunnfjord Veteranvogn Klubb på Vassenden med TV-11916.  I Firdaløpet, Skjærgårdstreffet og Sandane dagane, stilte vi med S-7097.  Vi var og med på opninga av E-39 på Skei, med TV-11916 og S-7038.

S-3020 og S-3136 har vore brukt til bryllaupskøyring og for lag og div. organisasjoner.

 Turar:

Vi var til Bergen i februar, på konsert med Lindesnes Trekkspillklubb, i Grieghallen og der var vi 41 personar.  Vi hadde og ein tur i juni, til Hitra og Frøya, der var vi 38 personer.  I november var vi til Oset høgfjellshotell, på julebord, med 37 personer.

TV-11916 har vore med Naustdal hagelag til Askøy og til Sandane med Indre Sunnfjord Turlag.  Vi har og hatt oppdrag for Slåtten Skule.

    Vinterlagring: 

Buss TV-11916, S-7038 og S-7097 står i Bygstad.  TV-37939 står i rustholet.  S-359 står i garasjen på Haukedalen.  Bremangerbussen står i garasjen til Firda Billag på Haukedalen.  S-3020 og S-3136 står i garasje på Hafslo.

 Arbeid med bussane:

Vi har arbeidd med TV-37939, montert div lister etter lakkering og montert seter i bussen.  Trekket til setene er det Alfred Fardal som har sydd.   Det er litt att å gjere, men den er snart ferdig.  S-3136 har hatt vannlekkasje på motoren, men er no reparert og i orden.  Dei andre bussane har det ikkje vore gjort arbeid på.

 Økonomi:

Rekneskapen for 2019 ser bra ut.  Vi har eit overskot på kr. 97.569.  Det har vore utlegg på bussane med ca. kr. 106.000 i 2019.

Sponsorer:

Firda Billag, Gloppen kommune,  Berge & Co A/S Førde og Sogndal, Bilhuset Førde A/S, Toyota Nordfjord/Førde, Biltreff A/S, Steinvik fiskefarm, Sunnfjord Betong A/S, Frydenbø Bilsenter A/S  Sogndal,  Førde Sementvarefabrikk A/S, Opplæringskontoret for transport, Firdaklubben, Magne Hafstad A/S, Sogn og Fjordane transportarbeiderforbund,   TruckNor Firda A/S,  Førde Vulk A/S, Farsund & Naustheller A/S, Olav Hereid, Borgund Mur-og Entrepenør A/S, Oskar Brugrand A/S, Toyota Sogn A/S, Tide Buss Sogn og Nettbuss/Vy.  Skei Servicesener sponsar møtelokale og middag til alle årsmøtedeltakarane.  Vi har og fått kulturmidler frå Førde Kommune og støtte frå NHO Sogn og Fjordane.

RHF/SFJ retter ei stor takk til alle desse!!!!

 Bladpakking:

Arne Ødegård, Jon Frøysland, Else og Audun Hovland, Trygve Årdal, Kari Yndestad, Wenche og Bjarne Horsevik, Solveig og Håkon Råheim.

 Arbeid i rustholet:

Arne Ødegård, Håkon Råheim, Bjarne Horsevik, Ivar Møgster, Jostein Ynnesdal, Audun Hovland, Trygve Årdal, Bjarne Aasen og Gunnvard Smådal.  Så ei stor takk til Jon Frøysland, som vanleg i mange år har passa på tomflasker og panta dei.

 Vi har vorte tildelt landstreffet i 2021 og har ordna med utstillingsplass, som er Firda Billag og overnatting på begge hotella.

 Vi vil rette ei stor takk til alle, som har vore med å jobba for at klubben har gått så godt i 2019.

 Bjarne Horsevik                        Roald Herstad              Per Lien              

 Vidar Lægreid                           Bjørn Falck Russenes      Arne Kjell Fimland       

Jonfinn Alme                             Håkon Råheim                   Trygve Årdal